Generelle vilkår
Vi føreset at skogeigaren har gjort seg kjend med dei reglane og retningslinjene som gjeld for tilskotsordninga. Kommunen gjev om nødvendig rettleiing.
Kommunen kan setje vilkår for tilskotet i kvar enkelt sak.
Nyplanting
For nyplanting kan ein få inntil 60 prosent tilskot av medgåtte kostnader.
Ein kan få tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal.
Tabellen nedanfor viser minimum plantetal og intervall som løyser ut tilskot på ulike bonitetar.
| Bonitet | Minste plantetal og intervall som løyser ut tilskot |
|---|
| 26 | 220 – 270 |
| 23 | 220 – 270 |
| 20 | 200 – 250 |
| 17 | 180 – 230 |
| 14 | 160 – 210 |
| 11 | 130 – 180 |
| 8 | 100 – 150 |
Klargjering av mark
For nyplanting etter klargjering av mark kan ein få inntil 60 prosent tilskot av medgåtte kostnader.
Ein kan få tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal.
Tabellen nedanfor viser minimum plantetal og intervall som løyser ut tilskot på ulike bonitetar etter klargjering av mark.
| Bonitet | Minimumsplantetal og intervall som gjev tilskot etter klargjering av mark |
|---|
| 26 | 198 – 248 |
| 23 | 198 – 248 |
| 20 | 180 – 230 |
| 17 | 162 – 212 |
| 14 | 144 – 194 |
| 11 | 117 – 167 |
| 8 | 90 – 140 |
Suppleringsplanting
- For suppleringsplanting kan ein få inntil 40 prosent av medgåtte kostnader.
- Ein kan få tilskot til suppleringsplanting for å kome opp på eit minimum plantetal/daa på ulike bonitetar.
Tabellen nedanfor viser krav til minimum plantetal på ulike bonitetar.
| Bonitet | Minste plantetal/daa |
|---|
| 26 | 220 |
| 23 | 220 |
| 20 | 200 |
| 17 | 180 |
| 14 | 160 |
| 11 | 130 |
| 8 | 100 |